Kjosfossen haldeplass
Kjosfossen haldeplass ligg over Kjosfossen øvst i Flåmsdalen i Aurland kommune, og er ein haldeplass på Flåmsbana. Haldeplassen vart opna i 1951 for å gje turistar som reiste med bana høve til å gå ut av toget når dei skulle sjå på fossefallet. Flåmsbana er einaste tilkomst til staden og haldeplassen ligg midt mellom to tunnelar. Knapt tre vogner av toget får plass på strekka ute mellom tunnelane, og det er laga til plattformer innover langs sporet i tunnelane slik at dei reisande kan kome seg ut på utsiktsplattforma frå dei andre vognene. I høgsesongen køyrer togsetta på banen med seks vogner og eit El 17 lokomotiv i kvar ende. Det er ikkje noko stasjonsbygning på haldeplassen, berre ei inngjerd utsiktsplattform. Toga stoppar ikkje på haldeplassen om vinteren.